fosnstraumen.no - Steinalderstien i Fosnstraumen - Vestnorsk utvandringssenter

Description: Oppdag prærielandsbyen på Radøy! På Vestnorsk utvandringssenter finn du originale bygningar reiste av norskamerikanarar i USA, og seinare flytta til Sletta. Høyr historier frå nordmenn som utvandra til Amerika, og lær om kulturmøte og migrasjon i vår tid.

Example domain paragraphs

Steinalderbuplassane har lagt tett på begge sider av den fiskerike Fosnstraumen, ein av dei beste fiskeplassane langs kysten av Hordaland. Det er maten, havet sine ressursar, som har drege folk hit gjennom mange tusen år. Det høge talet på buplassar, og det at så mange av buplassane er frå same periode, gjer at området vert kalla «Steinalderlandsbyen ved Fosnstraumen». Fosnstraumen har vore busett heilt sidan dei fyrste menneska kom padlande til skjergarden vår for meir enn 11.000 år sidan. Utan migrasjon h

Fleire av steinalderbuplassane ved Fosnstraumen var svært store, noko som tyder på at folk budde der meir eller mindre fast, og at dei jakta og fanga fisk året rundt. Heilt bufaste var dei likevel ikkje, og dei har heilt klart reist langt for å få tak i råstoff til både økser og pilspissar. Dei fleste øksene er laga av grønnstein fra Hespriholmen ved Bømlo eller diabas frå Stakaldeneset ved Florø. Anten drog dei sjølve for å hente råstoff eller så handla dei til seg grovhogde emner eller ferdige økser. Til

I den eldre steinalderen var havnivået ved Fosnstraumen 10-15 meter over dagens havnivå. Når me skal sjå for oss korleis det såg ut i området på den tida, må me difor tenka at sjøen stod langt høgare og dei stadene det er funne buplassar, den gongen låg nesten heilt i sjøkanten. Også vegetasjonen i steinalderen var annleis enn i dag. Området var den gongen dominert av skogar av lauvtre som bjørk, rogn, vier og ein del furu. Seinare i steinalderen var det mest eikeblandingsskog, fram til dei mot slutten av s