I år kjem vi ikkje til å gjennomføre Krabbefestival på Atløy, den vert utsett til 2024 🗓 Og igjen, tusen takk til alle som stiller opp til den sosiale dugnaden! Dette er vi gode på 🙌
Herland Småbåtlag har god plass med gjesteplassar i båsar og gjestebryggjer. Har du spesielle behov, ta kontakt i god tid, så gjer vi det enklaste for deg. Kontakt Arild på telefon 917 56 920. Hamneleige per døgn inkludert straum er kr 250 kr for båt opp til 40 fot og kr 300 for 40 fot og oppover. Her finn du tilgang til toalett, dusj og vaskemaskin.
Behov for campingplass under Krabbefestivalen? Det er plassar å finne på Herland Grendahus og Camping. Her får du tilgang på straum, dusj og toalett. Så om du har campingvogn, bubil eller om du treng teltplass er dette staden å vere. Fyrstemann til mølla!