moivaldres.no - Mø i Valdres

Example domain paragraphs

Eg vaks opp på ein gard som éin av 11 sysken. Vi låg fleire på same rom, i eit hus som var gamalt, trongt og kaldt, men vi vart ein samansveisa gjeng som har vore der for kvarandre heile livet. Etter å ha jobba for Per Sælid eit par år i ungdomen, flytte eg til Gjøvik og tok tømrarutdanning. Så avtente eg fyrstegongstenesta, tok meisterbrev i tømrarfaget og flytte til Oslo. Her budde eg i 20 år, og dreiv sjølvstendig som snikkar frå 1968. Men då den eine broren min tipsa meg om ein gard som var til sals, sl

Eg vaks opp på ein gard på vestsida av Volbufjorden, der vi hadde mjølkekyr. Vi hadde støl på Sørre Trollåsen, og det å få kome hit var årets høgdepunkt. Her var vi heile sumaren, og vi ungane hjelpte til på ulikt vis, men hadde mange fristunder der vi mellom anna sykla inn til Etne for å bade og kose oss. Som småjente dreiv eg med langrenn og handball, byrja seinare med fotball og volleyball, og spelte mellom anna for Valdres volleyballklubb i 2.-divisjon. Som mosjonist spelte eg volleyball til eg var 40 å

Dei fyrste 14 åra av livet budde eg på Oppsal i Oslo. Fordi eg var liten og rund vart eg mobba frå eg gjekk i andre klasse, og då det endeleg tok slutt etter fire–fem år og eg hadde fått mange vener, ville foreldra mine ut av byen. Det var eg ikkje veldig glad for! Vi flytte til Elverum. Eg måtte byrje på nytt og få nye vener, men vart mobba den fyrste tida – denne gongen fordi eg var ein «Oslo-soss». Heldigvis gjekk det fort over, og eg fekk mange gode vener etterkvart. Opplevingane mine frå oppveksten ins

Links to moivaldres.no (2)