På trea er det store mengder med snø. Sjå fleire bilde frå vår kalde og snørike vinter.
2 havørner har truleg teke livet av ein sangsvane 3.12.2010 på eit islagt vatn på Voss.
Eg ser ein havørn som sit på ein sangsvane på Seimsvatnet. Eg stoggar bilen og får nokre fine bilde. Svanen ligg rett fram og ser ut som han er slått bakfrå. Han var ikkje frosen fast til isen. Ørna nappar fjør og et i ferskt kjøt så det ser ut til å ha skjedd nyleg.