todalen.no - Todalen.no | Kvar einaste dag!

Example domain paragraphs

Bakelsdagen har lang tradisjon på skihytta – bakelskokken Knut Halset står som fast arrangør og kjøkensjef.  Knut var nok umåteleg heldig med bakelsvêret, etter som han diska opp med sol frå blå himmel, og fekk skikkeleg respons frå publikum som tok turen til skihytta.  Alle som tok turen til skihytta til Todalen idrettslag denne dagen, var traktert med gratis kaffe med bakels og graut – snakk om trivselstiltak!

I morgon, søndag 9. juli klokka 12:00 – 16:00, er det igjen open kafe hos Slettneset steinovnsbakeri. Her blir det sal av kaffe og nystekt bakst, så da er det berre å ta turen til Slettneset for å ta søndags-kaffen saman med andre. 

I dag er det akkurat ein veke sidan Todalsdagen 2023 og fotballturneringa TodalsCupen vart arrangert på Bordholmen stadion. Arets utgåve av TodalsCupen samla 28 lag med spelarar i alderen 6 – 11 år til vennskapeleg kamp om ballen og måla.